Info AMS målere

Styresmaktene har bestemt at alle straummålarar i Noreg skal bytast ut med automatiske straummålarar («AMS-målarar»)

Nye målarar vert bytt frå veke 8 i Modalen.
Styresmaktene har bestemt at alle straummålarar i Noreg skal vera bytt ut med automatiske straummålarar («AMS-målara») .
Me vil frå veke 8 starte med målerbyte i Modalen.Det er Kjell Hansen Elektro som vil utføra store delar av bytet for oss.Montør vil kontakta dykk på telefon eller sms.
Kvifor får eg ny straummålar?

Straumnettet i Noreg skal moderniserast, og nye automatiske straummålarar er eit viktig element i utviklinga av infrastrukturen. Med automatiske straummålarar får Noreg eit sikrare og meir fleksibelt straumnett, og behovet for framtidige utbyggingar av nettet vert redusert.

Ingen helsefare

I fylgje Statens strålevern er stråling fra automatiske straummålarar langt under ein tusendedel av grenseverdiane for stråling, og målarne er ikkje helsefarlige å ha i heimen.  Den konklusjonen vert delt av Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom). Nkom har testa dei automatiske målarane i Noreg opp mot fastsette grenseverdiar for stråling.
Helsedirektoratet slår og fast at automatiske straummålarar ikkje medfører nokon helsefare, og at lækjarar derfor ikkje kan skrive ut lækjarerklæring som seier at pasienten har plagar som skuldast stråling frå ein automatisk straummålar. Ei lækjarerklæring vil dirfor berre kunna bekrefte at pasienten gjev uttrykk for frykt eller ubehag knytta til installasjonen av automatisk straummålarar.

Kan eg få fritak?

Noregs vassdrags- og energidirektorat har bestemt at kundar som meiner at «installasjon av automatisk straummåler er til vesentleg og dokumenterbar ulempe», kan senda nettselskapet sitt ein attest frå lege eller psykolog. Desse kundane vil likevel måtte bytta målar, men det blir då installert ein målar utan kommunikasjonseinheit. I slike tilfeller vil kunden uansett bli belasta eit årleg gebyr som skal dekka kostnadar knytt til kontrollavlesing og handtering av manuelle data.

Personvern

Dei nye målarane fortel kun kor mykje straum du brukar, ikkje kva du brukar den til.
All informasjon vert sendt automatisk og kryptert til nettselskapet, som saman med kraftleverandør brukar den som grunnlag for straumrekninga. Forbruksdata vil og kunna verta benytta til meir effektiv planlegging og drift av straumnettet. Du er eigar av eigne forbruksdata. Ingen andre får tilgang til denne informasjonen uten at det framlegg skriftleg samtykkje frå deg.
Faren for at uvedkommande «hacker» seg inn på systemet ved automatiske målaravlesningar er ikkje større enn risikoen for at nokon tek seg ulovleg inn i nettbanken din. Nettselskapa er underlagd dei sama strenge reglane som bankane når det gjeldt personvern og datasikkerheit. All informasjon vert sendt ved bruk av unike krypteringsnøklar i eit lukka nett.
For meir informasjon om automatiske straummålarar, sjå vår nettside: 
https://www.modalenkraftlag.no

Venleg helsing
Modalen Kraftlag SA
Forklaring til måler.png
Forklaring til kommunikasjon og dataflyt.pngOverordnet skisse - helhetlig prosess 2.jpg
Din nettleser er utdatert!

For å kunne bruke alle funksjoner på nettsiden må du oppdatere nettleseren. Oppdater min nettleser nå

×