Om Modalen Kraftlag SA

Modalen Kraftlag SA er sannsynlegvis Noregs minste energiverk og eiges av kunder i Modalen. Me leverer straum til omlag 350 fastbuande og hytteeigara , samt til det lokale næringslivet.

MODALEN KRAFTLAG – EN KRAFTLEVERANDØR FOR LOKALSAMFUNNET 
Me er eit vertikalintegrert energiverk som driv i områda kraftproduksjon, kraftoverføring og kraftomsetning. Modalen kommune får konsesjonskraft frå BKK Fjordkraft som er forplikta til å gje kommunen straum til ein pris som vert fastsett av Olje- og Energidepartementet ein gong årleg. Modalen kommune har imidlertid ein policy om å gje denne krafta atende til innbyggjarane til konsesjonspris. Modalen Kraftlag BA eig og driv Hellandsfossen Kraftverk og Budalselva Kraftverk. I tillegg har me driftsansvar for Grønhaug Kraftstasjon.

Kraftlaget sel berre kraft til innbyggjara og bedrifter innafor kommunen.

KRAFTSTASJON I MODALEN
I 1974 vart kraftverket overtatt av Modalen kommune som til då hadde vore utbygd og drifta privat. I 1975 fekk BKK konsesjon for å utbyggja Steinslandsvassdraget. For å sikra straumtilførsel starta BKK i 1974 å byggja eit kraftverk i Hellandsfossen rett ved sida av det eldste kraftverket. Modalen Kraftlag BA kjøpte dette gamle anleggskraftverket i Hellandsfoss av BKK i 1994. I romjula 1996 vart selskapet stifta etter 22 år med kommunal styring, og kraftlaget vart tilbakeført innbyggjarane. I dag har selskapet 5 ansatte.

Din nettleser er utdatert!

For å kunne bruke alle funksjoner på nettsiden må du oppdatere nettleseren. Oppdater min nettleser nå

×