Meny

Info Norgespris

Her kjem litt info angående Norgespris.

RME har laga litt info angående Norgespris.

Legger og ved lenke frå Elhub sine sider.

Norgespris | Elhub

 

Dette er Noregspris
Noregspris er ei ny, statleg ordning som gir deg ein føreseieleg straumpris gjennom året. Ordninga er frivillig og gjeld frå 1. oktober 2025.
• Ordninga gir ein fast pris på 50 øre per kWh med mva. (40 øre utan mva.) for straumforbruk heime og på hytta.
• Noregspris har eit forbrukstak på 5 000 kWh per månad for hushald og 1 000 kWh for hytter.
• Noregspris har bindingstid frå du bestiller, til 31. desember 2026.
• Noregspris bestiller du på minside.elhub.no.
• Du kan ikkje få både straumstøtte og Noregspris samtidig.
• Du må framleis ha ein straumavtale med ein straumleverandør.
• Merk at det er ei eiga ordning for Noregspris for fjernvarme, som du kan lese om her
Slik bestiller du
• Frå 24. september 2025 kan du bestille Noregspris.
• Du kan bestille Noregspris hos minside.elhub.no.
• ⁠Kontakt nettselskapet ditt om du har spørsmål, treng hjelp eller ikkje kan bestille digitalt.
• Har du fleire straummålarar registrert på deg, må du bestille Noregspris for kvar straummålar. Du kan velje om du vil ha Noregspris på ein eller fleire straummålarar.

Unngå svindel:
• Du bør ikkje klikke på lenkjer i e-postar.
• Ingen skal inn i bustaden din i samband med Noregspris.
• Du må framleis ha ein straumavtale med ein straumleverandør.
Når bestillingsløysinga for Noregspris er klar, bør du sjølv gå direkte til minside.elhub.no og logge deg inn med elektronisk ID (BankID, MinID, Buypass eller Commfides). Får du problem med å bestille digitalt, kan du kontakte nettselskapet ditt.

Slik fungerer Noregspris
Noregspris gir deg lik pris heile året
Vel du Noregspris, betaler du 50 øre/kWh med mva. heile året. Det vil seie at du anten vil få eit frådrag eller eit tillegg på nettleigefakturaen din. I tillegg til å betale Noregspris må du også betale nettleige, avgifter og eventuelt påslag frå straumleverandøren.

Bustader i Nordland, Troms og Finnmark betaler ikkje mva. på straum. Det betyr at desse betaler 40 øre/kWh.

Ordninga gjeld for straumforbruket hushaldet har i bustader og fritidsbustader. Noregspris gjeld opp til ei maksgrense per månad:
• 5 000 kWh for hushald
• 1 000 kWh for hytter/fritidsbustader

For forbruk over dette betaler du den prisen du har avtalt med kraftleverandøren.

Bindingstid
• Noregsprisen på 50 øre med mva. gjeld for perioden frå 1. oktober 2025 til 31. desember 2026.
• Du kan bestille Noregspris når som helst i perioden. Avtalen gjeld frå datoen du bestiller.
• Du har 14 dagars avbestillingsfrist frå du bestiller.
• Når avbestillingsfristen har gått ut, er straummålaren din bunden til Noregspris ut avtaleperioden, det vil seie fram til 31. desember 2026.

 

 

 

Noregspris på hytta
Du kan inngå avtale om Noregspris på hytta som privatperson. Firmahytter og hytter som primært blir brukte til utleige, har ikkje rett på Noregspris.
Noregspris gjeld for dei første 1 000 kWh per månad. Forbruk over dette blir fakturert til straumprisen avtalt med straumleverandøren din.
Før du vel Noregspris, bør du tenkje på kvar i Noreg hytta di er:
• Vi har fem prisområde (bodområde) for straum i Noreg. Det kan vere stor forskjell mellom prisane i dei ulike områda. Til dømes har spotprisen dei siste åra vore langt høgare i NO2 (Sørlandet) enn i NO4 (Nord-Noreg).
• Korleis varierer straumforbruket ditt gjennom året? Tenk over når på året du har størst forbruk. Straumprisen er typisk høgare i vinterhalvåret enn i sommarhalvåret.
• Ikkje bruk bustaden som fasit. Det som er lønnsamt for bustaden din, er ikkje nødvendigvis lønnsamt for hytta. Det kjem både an på korleis du bruker straumen over tid, og kvar i landet hytta ligg.

Du kan logge deg inn på minside.elhub.no for å sjå korleis Noregspris ville ha påverka straumrekninga di for tidlegare år. Ver obs på at utrekninga ikkje er ein fasit. Det er vanskeleg å spå kva dei framtidige straumprisane blir. Dette er berre ei rettleiing og ei hjelp når du vurderer om du skal velje Noregspris.
Typiske spørsmål og svar
Kan eg få straumstøtte på hytta dersom eg ikkje vel Noregspris? Nei. Straumstøtteordninga gjeld berre for hushaldsforbruk. For fritidsbustader er Noregspris det einaste alternativet.
Kan eg ha Noregspris både heime og på hytta? Ja, det er mogleg å ha Noregspris på begge eigedommane så lenge dei er registrerte som hushald eller fritidsbustad.


Aktuelt

Årsmøte 2024

Årsmøte 2024

Årsmøte 01.07.2025

Nye straumprisar frå januar 2025

Nye straumprisar frå januar 2025

Frå januar 2025 vil det bli nye straumpriser som gjeldt for eit år om gongen.

Årsrekneskap 2023

Årsrekneskap 2023

Revidert årsrekneskap 2023

Årsrekneskap 2023