Info ny nettleige

Nye nettleigepriser frå 01.10.2022

 

Nettleiga du betaler dekker drift, utbygging og vedlikehald av straumnettet, og inneheld etter 01.10.22 to delar: eit kapasitetsledd og eit forbruksledd. I tillegg dekker nettleiga avgifter til myndigheitene.


Frå 1 juli 2022 vart me pålagd av Reguleringsmyndigheita for energi(RME) å gjere om nettleiga. Dette vil for Modalen Kraftlag tre i kraft på avrekninga for oktober.


Den vanlege fastavgifta(årleg fastbeløp) på nett går bort og vert erstatta av to deler kalla kapasitetsledd og energiledd.
Kapasitetsleddet er eit fast månadleg beløp som vert basert på kor mykje straum du bruker på ein time. Om du fordeler straumforbruket utover heile døgnet, vil du få eit lågare kapasitetsledd enn om du brukar mykje på ein gong.


For å berekna kapasitetsledd er det lagd ein trappetrinnsmodell, der gjennomsnittet av dei tre høgste døgnmaksimalane i månaden vil avgjera kva trinn du kjem på. Ein døgnmaksimal er den timen du brukar mest straum i løpet av ein dag. Det vil seie at gjennomsnittet av dei tre timane med høgast forbruk i månaden, fordelt på tre ulike dagar vil avgjera kva slags trinn du kjem på.

Les meir om satsane i dokumentet under.

Info ny nettleige..docx

 

 

 

Din nettleser er utdatert!

For å kunne bruke alle funksjoner på nettsiden må du oppdatere nettleseren. Oppdater min nettleser nå

×