Meny

Info konsesjonskraft og kraftleverandør frå 01.01.2026

Kommunestyret i Modalen vedtok 30. oktober at konsesjonskrafta heretter skal seljast på spotmarknaden.

Som ein konsekvens av dette skal ikkje MK Kraft AS lenger formidla konsesjonskrafta for Modalen kommune. MK Kraft AS vil difor avvikla straumsalet.
Det betyr at alle kundar må velja ein ny kraftleverandør innan 01.01.2026, uavhengig av om de ønskjer å nytta ordninga Norgespris eller ikkje.


Med Norgespris får hushaldningskundar ein fast pris på 50 øre/kWh for forbruk inntil 5000 kWh per månad, og hytteeigarar ein fast pris på 50 øre/kWh for inntil 1000 kWh per månad. Du vil få faktura for ditt straumforbruk direkte frå kraftleverandøren du vel. Differansen mellom spotpris og Norgespris vert avrekna og fakturert av nettselskapet.


Mostraum Nett AS vil som før fakturera for nettleiga i Modalen.

 

Vedtak i sak 72/2025 - Forvaltning av konsesjonskraft 2026 -2028

«Modalen kommune vidarefører ikkje avtale om overføring av eiga konsesjonskraft til Modalen kraftlag for vidaresal til kommunalt forbruk og til private innbyggjarar / kundar, landbruk og lokalt næringsliv. Frå 01.01.2026 nyttar Modalen kommune konsesjonskraft til eigne kommunale bygg, og resten av konsesjonskrafta vert seld til marknadspris/spotpris. Kommunestyret skal kvar haust gjere vedtak om neste års konsesjonskraftkvote skal seljast til spotpris eller fastpris. Rådmannen er ansvarleg for å førebu slik sak. Kommunestyret gjev rådmannen fullmakt til å gjennomføre endringane i konsesjonskraftordninga. Modalen kommune nytter konsesjonskraft til nett-tap for distribusjonsnettet i kommunen».


Aktuelt

Info Norgespris

Info Norgespris

Her kjem litt info angående Norgespris.

Årsmøte 2024

Årsmøte 2024

Årsmøte 01.07.2025

Nye straumprisar frå januar 2025

Nye straumprisar frå januar 2025

Frå januar 2025 vil det bli nye straumpriser som gjeldt for eit år om gongen.

Årsrekneskap 2023

Årsrekneskap 2023

Revidert årsrekneskap 2023

Årsrekneskap 2023